Sleng beina på bordet og kvil litt!
11 januar 2007, 21:48
– Å ha
beina på bordet er faktisk bra for ryggen, sjølv om
me ikkje vil at elevane skal sitta slik på skulen,
smilar Ingrid Øvregård. Ho er lærar på VK1 omsorg og
hjelpepleiarutdanning.
Tekst og foto: Myrna Torvund
Elevane på skulen
er flinke til å finna forskjellige sittestillingar å
tilbringa skoledagane på stolane sine på. Dette er
faktisk bra, for når me sit i ro i lengre tid
belastar me ryggen, nakken og skuldrene.
– Å sitte i seg sjølv er ein ganske stor belastning, me er ikkje lagt til det, seier Eli Mong, også lærer på VK1 Omsorg og Hjelpepleiarutdanning.
VARIASJON ER
BRA
Når me skiftar sittestillingar av og til får ryggen kvile litt, og difor er rørsle og variasjon i sittestillingane bra. Så for nokon er det godt og slenga beina på bordet, men det finst også andre avvekslingsstillingar som man heller bør bruke i skuletida.
– Mange av desse bileta viser gode avvekslingsstillingar, men ikkje noko du bør nytte i lengre økter, for då kan du belasta kroppen, seier Eli og peikar på ein del av bileta.
Når du jobbar bør
du ha ein god arbeidstilling, der du støttar
korsryggen og har beina ned, slik at du ikkje legg
press på nervar i bekkenet.
SITTE-TIPS
Her er nokre gode råd du bør bruke når du skal finne ein god arbeidstilling, så kan du heller variera med ein god avvekslingsstilling innimellom.
• Sit godt
inn på stolen, med korsryggen mot ryggstøtta. Det er
viktig at setet ikkje er for djupt. Ha kroppsvekta
mest mulig på 'seteknutane'.
• Ha 90° vinkel i anklar, kne og hofter.
• Ha føtene plassert flatt på golvet eller annan støtteflate.
• Mellom stolsetet og låra nærmast kneet skal det være plass til ein finger.
• Sit slik i forhold til bordet at det er plass til ein knyttneve mellom magen og bordet.
• Bordet er
passelig høgt når det støttar underarmen når
olbogen er bøygd
90 grader.
• Bøy litt framover i hofteledda (rak men avspent rygg) og kvil begge underarmane på bordet. Skuldermusklane skal være avspente.
• Stillingen skal være mest mulig symmetrisk.
• Avstanden mellom auga og arbeidsobjektet skal være ca. 30 - 40 cm.
Kilde: http://www.floraskulen.no/6aaringen/sitjestilling.htm